Preikestolhytta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Revsvatnet med Preikestolhytta på høgre side.
Foto: Marius Kallhardt

Preikestolhytta er ei hytte som ligg i Strand kommune. Hytta vart bygd som turistforeningshytte i 1949, og er eigd av Stavanger Turistforening (STF). Hytta er eit naturleg startpunkt for turar til mellom anna Preikestolen. Om somrane er det fast vertskap på hytta som tilbyd kost (middag) og losji til gjestande. Hytta ligg godt til i høve til turgåing. Det finst òg aktivitet i det 8000 mål store området som STF eig, mellom anna er det fritt fiske, tilgjenge til sandstrand og robåt.

Ved hytta er det 400 parkeringsplassar som vert nytta av både gjestene på hytta og øvrige turistar som skal til Preikestolen. Vegen opp til hytta er 6 km frå riksveg 13. I sesongen går det òg bussar opp, fire gonger dagleg. Bussen køyrer frå Tau via Jørpeland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hytta vart bygd i 1949 like ved der fjellgarden Vatne var. Det var ikkje veg opp og alt av transport gjekk opp fjellsida ved Lysefjorden. Ein motordriven taubane vart bygd for å letta transport av material, mat og andre naudsynte ting. Skogen i området vart saga opp nede ved vatnet og nytta til bygging av hytta.

I 1961 vart driftsmåten kraftig endra. Då kom den 6 km lange bilvegen på plass og det vart mogleg å gå ein dagstur til Preikestolen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]