Presbyterianisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Presbyteriansk kross.

Presbyterianisme er ei form for protestantisk kristendom og ei eiga kyrkjestyreform. Ho blir praktisert av mange (men ikkje alle) protestantiske kyrkjer som historisk har knytt seg til Jean Calvin si lære, kalvinismen.

Namnet «presbyterianisme» kjem av det greske ordet presbyteros (πρεσβύτερος), som betyr 'eldre'. Dette er valt fordi ei presbyteriansk kyrkje blir leia av nokre lokalt valde eldre, i motsetnad til ei episkopal kyrkje, som blir leia av biskopar.

Presbyterianismen har røter tilbake til den skotske reformasjonen, særleg under John Knox. Det finst mange uavhengige presbyterianske kyrkjer i verda, både av geografiske og doktrinære grunnar. Teologisk legg presbyterianarar vekt på at Gud er allmektig i alle ting, også frelse, dei har høg akt for Skriften og ser det som nødvendig med ei personleg omvending gjennom trua på Jesus Kristus.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lyby, T.C. «Presbytetianisme» (på dansk). Den Store Danske. Henta 16. desember 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Presbyterianisme