Kristendommen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristendommen
Icthys-symbolet
Treeininga

Gud Fader | Jesus | Den heilage ande |

Skrifter

Bibelen: GT/NT
katekisme | salmebok

Utøving

Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat  | sakrament
Bøner: «Fader vår» | «Hill deg, Maria» | Jesusbøna

Retningar

Anglikansk | ortodoks | katolsk | luthersk | presbyteriansk |

Livssyklus

Dåp | konfirmasjon | ekteskap | død | gravferd

Merkedagar

Kyrkjeåret: Advent | jul | faste | påske | pinse | olsok | hausttakkefest | helgemesse

Viktige personar

Nye testamentet:
Maria | Paulus
Mellomalderen:
Augustin | Gregor den store | Ansgar
Reformasjonen:
Jan Hus | Martin Luther | Jean Calvin | Ulrich Zwingli
Pietisme og lekmannsrørsle:
Pontoppidan | Hans Nielsen Hauge | Lars Levi Læstadius

Geistlege

biskop | pave | prest


Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme


Kristendom er ein monoteistisk verdsreligion som utgår frå jødedommen, og inneber trua på Jesus som Kristus (Messias), frelsar for jødane og verda, og på dei læresetningane som blei nedteikna i Det nye testamentet, den andre delen av Bibelen.

Kristendommen er ein abrahamittisk religion. Han byrja som éi av fleire jødiske rørsler i Palestina i det første hundreåret. I år 312 blei den romerske keisaren Konstantin den store kristen, og ved ediktet i Milano året etter innførte han trusfridom for dei kristne i Romarriket.

Det er i dag om lag 2 milliardar kristne i verda.

Kristen tru[endre | endre wikiteksten]

Det let seg ikkje gjere å definere innhaldet i kristen tru eintydig, sidan ulike kristne samfunn kan ha ulikt læregrunnlag. Dei aller fleste vil likevel kunne semjast om nokre nøkkelpunkt:

  • Trua på ein evig Gud (1. Mos 1.1). (Etter kristen lære har ingen nokon gong sett Gud (Joh. 1.18), og det vil blant kristne finnast mange ulike gudsbilete.)
  • Trua på at Gud let seg føde på Jorda som Jesus Kristus, for å openberre seg for menneska (Joh. 17.6), at han tok på seg skylda for syndene til menneska, at han vart avretta på krossen og at han stod opp frå dei døde.
  • Trua på at det finst eit fellesskap av kristne som fortel vidare det Gud gjennom Jesus har lært menneska, og at Guds Heilage ande er til stades i dette fellesskapet (Matt. 28.20).
  • Trua på at kvar den som trur på Jesus Kristus har evig liv i han (Joh. 3.16).

Kristne samfunn[endre | endre wikiteksten]

Det kristne fellesskapet har fått sin organisasjon i den kristne kyrkja. Her vart den kristne læra utvikla vidare.

Heilage skrifter[endre | endre wikiteksten]

Dei heilage skriftene til den kristne kyrkja er samla i Bibelen. Han omfattar Det gamle testamentet, som er basert på den jødiske Tanákh, og Det nye testamentet, som fortel om livet og læra til Jesus og disiplane hans, og om apostlane si rettleiinga av dei første kristne kyrkjelydane. I tillegg har kyrkjene utvikla forskjellige kristne vedkjenningsskrift.


Kristendommen som verdsreligion[endre | endre wikiteksten]

Kristendommen er den største religionen i verda med om lag 2,1 milliardar tilhengjarar i 2001.[1] Det er den dominerande religionen i Europa, Amerika, Afrika sør for Sahara, Filippinane, Australia, og New Zealand. Han veks òg raskt i Asia, særskild i Kina og Sør-Korea.[2]

Religionen var først ei av mange jødiske sektar i den daverande romerske provinsen Judea. Han spreidde seg til fleire delar av verda, som India, Etiopia, Egypt og Romarriket. Kristendommen har blitt farga av dei samfunna han har utvikla seg i, slik at han frå først av vart påverka av hellensk kultur, sidan av romersk kultur. I år 312 e.Kr. vart den romerske keisaren Konstantin I kristen, og året etter innførte han kristendommen som statsreligion i Romarriket.

Kristendommen i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Noreg blei kristna rundt år 1000, og kristendommen fekk sitt endelege gjennombrot i statsstyringa etter at Olav den Heilage fall på Stiklestad. Sjølv om Olav den Heilage fekk størstedelen av æra for å ha kristna Noreg, tok prosessen mykje lengre tid enn dette. Den første kristne kongen i landet var Håkon Adalsteinsfostre, som regjerte i tida 935-961. Han blei døypt i England, der han blei fostra opp. Også Olav Tryggvason (regjerte i perioden 995–1000) var kristen. Han blir òg rekna som den første som bygde kyrkje i landet.

Fram til reformasjonen (1536-1537) var Noreg katolsk, sidan då har landet hatt evangelisk-luthersk statsreligion.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Adherents.com, Religionar etter tilhengjarar
  2. WorthyNews.com, Kristen vekst i Kina; LutherProduction.com, vekst i Sør-Korea; Xhist.com, Kristendomens historie i Korea
Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.