Prevalens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Prevalens, frå latin praevalens gjeldande, med overtak[1], er eit omgrep innan epidemiologi som tyder kor stor del av ein populasjon som på eit tidspunkt har ein særskild sjukdom. For at omgrepet skal ha meining må ein altså vita kva undersøkelsestidspunktet er og kva for undersøkingspopulasjon det er snakk om. Prevalensen blir vanlegvis talt opp ein særskild dato eller avgrensa tidsrom, men kan òg vera relatert til ei hending, t.d. fødsel eller død. Det er som regel er det underforstått at undersøkingspopulasjonen er alle dei som er i fåre for sjukdommen eller tilstanden, t.d. berre kvinner om ein skriv om livmorhalskreft. Andre grupper blir det gjerne gjort spesielt greie for.

Eit døme på prevalensmåling er Folkehelseinstituttet sine to årlege dagar kor ein tel opp talet på dei som er råka av sjukehusinfeksjonar på helseinstitusjonar i Noreg. Hausten 2007 var dette 24. oktober og av 10 167 pasientar denne dagen hadde 639 sjukehusinfeksjon. Dette gjer ein prevalens på . Av desse var 188 postoperative sårinfeksjonar. Om ein reknar prevalensen av alle pasientar blir han 1,8%. Reknar ein han av berre dei 2 524 nyopererte, blir han 7,4%[2].

Prevalensen er avhengig av kor lenge sjukdommen varer og kor ofte han oppstår. Om pasientane etter kort tid er anten daude eller friske vil ein prevalensmåling gje få tilfelle. Om det er mange nye tilfelle (høg insidens) kan dette gje ein høg prevalens.

I praksis er det ofte vanskeleg å finne den verkelege prevalensen[3]. M.a. er det berre diagnostiserte tilfelle som kjem med. Og for mange sjukdommar kan det gå lang tid frå dei oppstår til dei blir diagnostisert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Audun Øyri: Norsk medisinsk ordbok (Samlaget, 1988).
  2. Resultater frå prevalensundersøkinga hausten 2007, frå Folkehelseinstituttet[daud lenkje]
  3. Jørn Olsen, Kim Overvad og Svend Juul: “Kapittel 1: De epidemiologiske hyppighedsmål,” i Analytisk epidemiologi. En introduktion, 2. utg (København: Munksgaard, 1998).