Priest Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Priest Island
Lokalt namn: Eilean a' Chlèirich
Geografi
Priest Island is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°58′ N 5°31′ WKoordinatar: 57°58′ N 5°31′ W
Øygruppe Summer Isles

Areal 1,22 km²

Høgaste punkt 78 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Highland

Demografi
Folketal 0

Priest Island (skotsk-gælisk Eilean a' Chlèirich) er ei lita, folektom øy i Summer Isles utanfor vestkysten av Skottland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at øya vart nytta av culdear for religiøse føremål og har fleire steinsirklar.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Priest Island er den ytste og mest vêrharde av Summer Isles, og ligg om lag 6 km utanfor vestkysten av Wester Ross.[2]

Acarsaid Eilean a' Chleirich, med Ben Mor Coigach i bakgrunnen

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Eilean a' Chleirich er eigd og styrt som eit naturreservat av Royal Society for the Protection of Birds. Det har status som Site of Special Scientific Interest og Special Protection Area. Av dyr finn ein spissmus, oter og gråsel.[1]

Priest Island består av lyngheilandskap og små område med skog. Sjøsprøyt og guano medverkar til eit artsrikt maritimt lyngheilandskp. Øya har den største kolonien av havsvaler i Storbritannia, i tillegg til fleire andre sjøfugl.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Overview for Priest Island». Gazetteer for Scotland. Henta 24. februar 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Priest Island SPA Description». Joint Nature Conservation Committee. Henta 24. februar 2010.