Prim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei tube svensk prim, messmör.

Prim er eit mjølkebasert smørbart pålegg med lysbrun farge og søt, karamellaktig smak. Det kan lagast av kumjølk og/eller geitemjølk.

Prim blir laga ved at ein koker inn myse på same måte som brunost, men ein kokar myseblandinga kortare enn til den harde osten. Ein tilset også sukker, både for smaken si skuld og som konserveringsmiddel. Under avkjølinga av primen må ein passa på at sukkeret ikkje dannar store krystallar.

Det går også an å laga prim ved å koka brunostrestar, kulturmjølk og søtost.[1]

På svensk blir prim kalla messmör.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Primoppskrift Arkivert 2007-03-18 ved Wayback Machine., tradisjoner.no