Prins William, hertug av Cambridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William
Prince William of Wales RAF.jpg
FøddWilliam Arthur Philip Louis av Wales
21. juni 1982
St. Mary's Hospital
TittelWilliam av Cambridge
Alle titlarPrins av Wales
Hertug av Cambridge
Greve av Strathearn
Baron av Carrickfergus
Fullt namnWilliam Arthur Philip Louis
Hus eller slektFyrstehuset Windsor
LandStorbritannia
MorDiana av Wales
FarKong Charles III
EktefelleKate Middleton
BarnGeorge av Cambridge, Charlotte av Cambridge, Louis av Storbritannia
MedlemRoyal Society
White's

William (fødd 21. juni 1982) er ein britisk prins med titlane prins av Wales, hertug av Cambridge, greve av Strathearn og baron av Carrickfergus. Han er medlem av den britiske kongefamilien og eldste son til Prinsesse Diana av Wales og kong Charles III. Bror hans er Prins Harry. Prins William er nummer ein i arverekkja til å taka over den britiske trona.[1]

Prins William jobbar som helikoptarpilot for det Britiske luftforsvarets Sea King-styrke.

Den 16. november 2010 kunngjorde det britiske hoffet at William hadde forlova seg med Kate Middleton. Bryllaupet stod i Westminster Abbey i London den 29. april 2011. Forlovingsringen William gav til Kate, var same forlovingsringen som mora, Diana hadde.

Den 22. juli 2013 vart Catherine og William foreldre til George av Cambridge.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Prince William | Biography, Wife, Children, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 8. september 2022 
  2. Bratberg, Terje (15. august 2022). «William Arthur Philip Louis». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  • Engelsk Wikipedia om William av Wales.