Prinsesse Zelda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein cosplayer utkledd som prinsesse Zelda

Prinsesse Zelda (プリンセス ゼルダ, Purinsesu Zeruda) er ein oppdikta dataspelfigur frå The Legend of Zelda-serien. Ho er medlem av kongefamilien i Hyrule og speler ei viktig rolle i historia til kongeriket.[1] Sjølv om namnet hennar er i tittelen på serien, kontrollerer spelaren protagonisten Link.[2]

På eit eller anna vis blir Zelda ofte kidnappa eller fengsla av Ganon, i nokre spel òg kjend som Ganondorf.[2] Zelda opptrer i nokre spel som ein av dei vise, og ho har òg i seinare spel vorte framstilt som ein profet. Skaparen av Zelda-spela, Shigeru Miyamoto, har sagt at namnet var inspirert av Zelda Fitzgerald, kona til forfattaren F. Scott Fitzgerald.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ニンドリドットコム〜青沼英二さんロングインタビュー〜». 7. november 2008. Arkivert frå originalen 2008-11-07. Henta 5. desember 2015.  Både |archive-date= og |arkivdato= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både |archive-url= og |arkivurl= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)
  2. 2,0 2,1 «Gamers urge Nintendo for a playable Zelda». Destructoid. Henta 5. desember 2015. 
  3. «Amazon.com Message». www.amazon.com. Henta 5. desember 2015. 
Spire Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.