Programvarebibliotek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skematisk framstilling av eit program som nyttar programbiblioteket libvorbisfile.so for å spela ei Ogg Vorbis-fil.

Programvarebibliotek er ei samling funksjonar, objekt, konstantar, makroar og så vidare. Føremonen med å plassera kode i eit bibliotek et fleire:

  •  fleire program kan nytta same kode
  • berre ein kopi av koden i biblioteket vert lasta inn i RAM-minne. noko som sparar plass
  • om det vert oppdaga feil i koden er det nok å retta feile ein plass
  • oppdatering skjer ved å lasta ned siste versjon av dei ulike biblioteka

Kompliserte program som operativsystem, nettlesarar, teksthandsamarar og så vidare nyttar kode frå mange forskjellige programvarebibliotek. Biblioteka vert pakka på forskjellig vis avhengig av operativsystemet. Det er viktig å nytta rett versjon av dei ulike biblioteket. Om ein nyttar feil versjon kan programmet krasja.

Statiske biliotek[endre | endre wikiteksten]

Statiske bibliotek er ei samling funksjonar, objekt, datastrukturar som vert lagt inn i objektfila når programmet vert linka.

Dynamiske bibliotek[endre | endre wikiteksten]

Objekt og klassebibliotek[endre | endre wikiteksten]

Når ein programmerer i høgnivåspråk, som til dømes C++ og Java, nyttar ein eit klassebibliotek, som til dømes Qt, som inneheld ferdige objekt]]. Slike bibliotek inneheld ferdige objekt for funksjonalitet som dei fleste brukarprogram treng, som å skriva og lesa data til/frå filer, høgniva grafikkfunksjonar, etc. Programmeraren slepp då å bruka tid på å skriva kode for slike ting. Den største innsparinga kjem ofte av at klassebiblioteka inneheld objekt for å laga brukargrensesnitt.

Trådsikre bibliotek[endre | endre wikiteksten]

Døme på programvarebibliotek[endre | endre wikiteksten]