Proskripsjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein proskripsjon (or latin «kunngjere med oppslag»[1]) er ei kunngjering om at nokon er lyst fredlaus. Ordet blir særleg nytta om tilhøve i det antikke Romarriket.[2] Den romerske diktatoren Sulla utførte proskripsjonar i 82 f.Kr. og dei etterfylgjande åra ved å setje opp lister over fredlause som alle stod fritt til å drepe. Dei som tok livet av ein proskribert person fekk løn for gjerninga, og eigedomane til den drepne tilkom staten. Proskripsjonen vart teke opp att under triumviratet av Antonius, Lepidus og Octavian i 43 f.Kr., og sytte for at 300 senatorar (mellom dei Cicero) vart drepne.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «proskribere». Nynorskordboka. Henta 14. juni 2019. 
  2. proskribere i Dansk Fremmedordbog, 2. udg., Karl Hårbøl, Jørgen Schack og Henning Spang-Hanssen (red.), 1999, Gyldendal. Henta 14. juni 2019 frå http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=145926.
  3. Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Kunnskapsforl. 1998. s. 248. ISBN 8257304921.