Marcus Antonius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marcus Antonius
M Antonius.jpg
PartiPopularene
Fødd14. januar 82 f.Kr.
FødestadRoma
Død1. august 30 f.Kr.
DødsstadAlexandria
MorJulia Antonia
FarMarcus Antonius Creticus
EktefelleFadia, Fulvia, Kleopatra, Antonia Minor Hybrida, Octavia den yngre, Antonia Minor Hybrida, Fadil, Antonia
BarnAntonia, Marcus Antonius Antyllus, Iullus Antonius, Antonia maggiore, Antonia den yngre, Kleopatra Selene II, Aleksander Helios, Ptolemaios Filadelfos

Marcus Antonius (83 f.Kr.-30 f.Kr.) var ein romersk krigar og statsmann. I ungdomstida tente han som offiser under Cæsar i Gallia. I 49 var han folketribun og la ned veto mot fråsegna til senatet om å fjerne Cæsar sin kommando. Antonius flykta til Cæsar og slåst under han i den påfølgjande borgarkrigen. Etter at Cæsar-flokken hadde sigra vart Antonius konsul saman med Cæsar i 44, og vona å arve makta etter at Cæsar vart drepen i senatet same året. Antonius laut like fullt tevle om makta med Cæsars unge adoptivson Octavian. Med støtte frå senatet sigra Octavian over Antonius i slaget ved Mutina i april 43 f.Kr., men kort tid seinare slutta Antonius, Octavian og Lepidus seg saman i det såkalla andre triumviratet og delte makta mellom seg. Dei tok livet av motstandarane sine ved hjelp av proskripsjonar, og vann ein avgjerande siger over senatorane som tok livet av Cæsar i slaget ved Filippi i 42 f.Kr.

Sidan fekk Antonius den austlege luten av Romarriket til sitt rådvelde. Her vart han kjend med den egyptiske dronning Kleopatra, og ho fekk stor makt over Antonius. Seinare gifta dei to seg, etter at Antonius hadde sendt kona Octavia – som òg var systera til Octavian – attende til Italia. Antonius levde i sus og dus i Alexandria som ein austerlandsk herskar, og førte mislukka hærtokt mot fiendane av Roma. Til slutt kom det til eit brot mellom Antonius og Octavian, og styrkane til Octavian slo Kleopatra og Antonius i slaget ved Actium i Det joniske havet i 31 f.Kr. Året etter tok Antonius livet av seg for ikkje å falle i hendene på Octavian.

Oppetter hundreåra har mange kunstnarar funne inspirasjon i livssoga til Antonius. Fremst mellom diktarverka kan ein nemne Shakespeare-skodespelet Antonius og Kleopatra (Antony and Cleopatra). Av operastykkje kan ein nemne Antonio e Cleopatra av Gian Francesco Malipiero (1938) og Antony and Cleopatra (1966) av Samuel Barber. I Fjernsynsserien Rome (2005-2007) blir han spela av den britiske skodespelaren James Purefoy.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Marcus Antonius (1978). I Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. 1 : a-Bem (s. 328). Oslo: Kunnskapsforlaget.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.