Protektorat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit protektorat er ein stat som har avstått delar av sitt sjølvstende til ein annan stat. Omgrepet dekkjer mange ulike tilhøve, men oftast nyttast det om statar som har gjeve frå seg kontroll over utanrikssaker og likevel har mykje sjølvstende i indre saker. Protektorat kan oppstå når ein sterkare stat trugar med eller nyttar makt, eller når ein svakare stat ser fordelar i ordninga.

Eit protektorat skil seg frå biland og koloniar ved at protektoratet er sjølvstendig i namnet, ved at protektoratet sitt område er klart avgrensa frå den vernande staten sitt, og ved at innbyggjarane i protektoratet ikkje er borgarar i den vernande staten.

Protektorat dukka opp allereie i samband med dei store imperia i antikken, og det er kjende døme i gresk og romersk historie. Under første verdskrigen blei Egypt eit protektorat under Storbritannia sitt vern. Cuba var stort sett eit protektorat under USA inntil 1934. Dei tyske koloniane i Afrika og Asia blei fram til første verdskrigen kalla Schutzgebiete. Under andre verdskrigen blei Böhmen og Mähren eit tysk protektorat.

I dag har ingen statar formelt status som protektorat, men det finst fleire kvasi-protektorat, inkludert Cookøyene, Marshalløyene, Mikronesiaføderasjonen og Niue. Dei tidlegare forvaltingsterritoria under Dei sameinte nasjonane skilde seg frå andre protektorat fordi dei blei gjort klare for sjølvstende og at den dominerande staten var under oppsyn av SN.

At ein stat har formell status som protektorat treng ikkje å tyda at denne statusen er frivillig. Ein militært sterk stat kan til dømes pressa ein svakare stat til å verta protektorat. Dette kan til dømes gjerast ved at den militært sterke staten gjennom politisk, økonomisk, militært, ved å stø opp under eit statskupp og så vidare i røynda kontrollerer protektoratet.