Hopp til innhald

Provinsen Magallanes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Magallanes
provins
Land  Chile
Areal 36 994,7 km²
Folketal 133 282 (2017)
Kart
Provinsen Magallanes
53°10′01″S 70°56′01″W / 53.166944°S 70.933611°W / -53.166944; -70.933611
Regionskart. Magallanes i raudt.
Regionskart. Magallanes i raudt.
Regionskart. Magallanes i raudt.
Wikimedia Commons: Magallanes Province

Magallanes (spansk Provincia de Magallanes, «Magellan-provinsen») er ein av dei fire provinsane i Región de Magallanes y de Antártica Chilena i Chile. Provinsen dekkjer den sørlegaste delen av Fastlands-Chile, heilt ned til Magellansundet i tillegg til dei nordlegaste av øyane i Eldlandet. Dei største av øyane er Santa Inés-øya, Desolación-øya, Dawson-øya, Aracena-øya og Clarence-øya. I sør grensar provinsen til den chilenske provinsen Eldlandet, i nord til Última Esperanza.

Magallanes dekkjer eit areal på 36 400 km2, og folketalet vart registrert til 121 675 i 2002 - ei vekst på 4,4 % sidan 1992. Magallanes er inndelt i fire kommunar: Punta Arenas, Rio Verde, Laguna Blanca og San Gregorio. Hovudstaden er Punta Arenas, som også er regionshovudstad. Tilknytt Punta Arenas er den internasjonale flyplassen Carlos Ibáñez Del Campo International Airport.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Provinsen Magallanes