Provinsen Teramo
| Teramo | |||
| provins | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Abruzzo | ||
| Hovudstad | Teramo | ||
| Areal | 1 947,64 km² | ||
| Folketal | 299 796 (31. desember 2024)[1] | ||
| Postnummer | 64100 | ||
| Retningsnummer | 0861 | ||
| Bilnummer | TE | ||
![]() Provinsen Teramo 42°39′31″N 13°42′09″E / 42.658611111111°N 13.7025°E | |||
| Wikimedia Commons: Province of Teramo | |||
Provinsen Teramo (italiensk Provincia di Teramo) er ein provins i regionen Abruzzo i Italia. Hovudstaden er byen Teramo. Han har eit areal på 1 948 km² og totalt 296 063 innbyggjarar (2005). Det er 47 kommunar i provinsen. Teramo grensar til provinsen Ascoli Piceno i regionen Marche i nord, provinsen L'Aquila i sør og sørvest og til provinsen Rieti Lazio i vest. I sør ligg provinsen Pescara og i aust Adriahavet.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Landskapet i provinsen Teramo er dominert av Adriahavet i aust og Appenninane i vest. Provinsen er delt i nord go sør av åsar og dalar som går frå Appenninane og nesten ut til kysten. I tillegg til hovudstaden er dei viktigaste økonomiske sentera Roseto degli Abruzzi og Giulianova med innbyggjartal på litt over 20 000 kvar.
Toppane til Gran Sasso stig opp i vest, medan Monti della Laga dominerer grenseområda i nord. Den høgaste toppen i Gran Sasso er Corno Grande med ei høgd på 2 912 moh. Her ligg òg Calderonebreen, den sørlegaste isbreen i Europa. I motsetnad til det kuperte og isolerte Gran Sasso-området, har Monti della Laga tjukke skogar, djupe gjel og rullande sider og dalar med flotte fossefall.
Aust i provinsen ligg det sju strender, dei såkalla «sju søstrene», ved Adriahavet. Her finn ein feriestader med svært fin, kvit sand med mildt middelhavsklima, palmar, furuar og oleander.
Største kommunane
[endre | endre wikiteksten]Stand: 1. januar 2009
| Kommune | Ibuarar |
|---|---|
| Teramo | 55 015 |
| Roseto degli Abruzzi | 24 779 |
| Giulianova | 23 343 |
| Martinsicuro | 16 993 |
| Silvi | 15 622 |
| Pineto | 14 430 |
| Alba Adriatica | 12 174 |
| Atri | 11 326 |
| Sant’Egidio alla Vibrata | 9 675 |
| Tortoreto | 9 631 |
| Mosciano Sant’Angelo | 9 065 |
| Montorio al Vomano | 8 184 |
| Campli | 7 558 |
| Castellalto | 7 439 |
| Bellante | 7 295 |
| Notaresco | 6 979 |
| Civitella del Tronto | 5 459 |
| Sant’Omero | 5 444 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Province of Teramo» frå Wikipedia på engelsk, den 5. desember 2007.

