Pulkovo-observatoriet
Utsjånad
| Pulkovo-observatoriet | |||
| | |||
| Stad | Moskovsky District, Saint Petersburg | ||
|---|---|---|---|
| Opna | 7. august 1839 | ||
![]() Pulkovo-observatoriet 59°46′18″N 30°19′34″E / 59.771666666667°N 30.326111111111°E | |||
Pulkovo-observatoriet er eit observatorium sør for St. Petersburg i Russland. Det vart grunnlagt i 1839 av Friedrich Georg Wilhelm von Struve. Fram til andre verdskrigen var dette eit av dei fremste observatoria innan posisjonsastronomi, dobbeltstjerneastronomi og spektroskopi. Under åtaket på Leningrad i 1941 vart observatoriet lagt i ruinar, men er seinare bygd opp att, og nyopninga fann stad i 1954. Det nye Pulkovo-observatoriet, som er eit av dei største i verda, held fram gamle tradisjonar, men arbeidsfeltet er blitt utvida med radioastronomi, solforsking og mykje meir.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Pulkovo-observatoriet», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014

