Spektroskopi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Spektroskopi er ein fellesnemnar for målemetodar som baserer seg på at atom kan ta opp og senda frå seg elektromagnetisk energi. Grunnstoff kan identifiserast ved at kvart grunnstoff har sin eigen karakteristikk over kva bølgjelengder av elektromagnetisk stråling stoffet kan ta opp eller sende frå seg.

Spektroskopi blir bruka innan kjemiske analyser og astronomi.

Spektroskip der laserlys vekselverkar med materie vert kalla laserspektroskopi og vert nytta til å utføre nøyaktige undersøkingar i fysikk, kjemi og biologi, mellom anna for å teste prediksjonar i kvanteelektrodynamikken.

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.