Pulverkaffi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaffipulver.

Pulverkaffi, eller snøggkaffi, er kaffi som er laga ved å løyse opp kaffipulver i kokande vatn. Pulveret er laga på fabrikkar ved at ferdiglaga kaffi vert turka inn til pulver, anten ved å fryseturka kaffien, det vil seie å fryse kaffien under særs låg tempertaur og deretter å fjerne vatnet (isen) ved hjelp av sublimasjon i vakuum, eller ved å sprayturke kaffien, det vil seie å spreie den flytande kaffien ut i eit kammer gjennom dyser under høgt trykk og turka alle dei ørsmå dropane til pulver ved hjelp av varm luft. Slikt kaffipulver held seg betre under lagring enn malne kaffibøner.

Pulverkaffien vart oppfunnen i 1901, men vart ikkje kjend og teke ålment i bruk før føretaket Nestlé lanserte sin pulverkaffi i 1938.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]