Pur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pur
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 112 000 km²
Lengd 1 024 km
Kjelde Pjakupur og Ajvasedapur
Munning Tazbukta
Kart
Pur
64°57′10″ N 77°49′7″ E

Pur (russisk Пур) er ei elv i Jamalo-Nenetsk i Russland. Elva er 1024 km lang og har eit nedslagsfelt på 112 000 km². Elva har ei middelvassføring på 10 m³/s.

Pur startar der elvane Pjakupur og Ajvasedapur renn saman. Frå dette samløpet til munningen er Pur 389 km lang, men med Pjakupur vert ho 1024 km lang.

Berre nokre få kilometer vest for munningen til elva Taz munnar Pur i Tazbukta, som er ein arm av Obbukta i Karahavet. Elva frys til i november og er islagd til mai.

Urengoj-feltet (naturgass) og Gubkin-feltet (olje og gass) ligg i nedslagsfeltet til Pur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]