Q-type-asteroide
Utsjånad
Q-type-asteroidar er relativt uvanlege asteroidar i det indre av asteroidebeltet med eit sterkt, breitt 1 μm olivin- og pyroksentrekk, og med ei spektrumhelling som indikerer at det er metall tilstades. Det er absorpsjonstrekk ved lengre og kortarte bølgjelengder enn 0,7 μm, og spekteret ligg generelt sett mellom det til V- og S-typen.
Q-type-asteroidar har meir like spektrum til ordinære kondrittar (H-, L-, og LL-type) enn nokon annan asteroidetype; derfor spekulerer forskarar i om denne asteroidetypen er vanleg, men at det berre er få eksemplar som enno er identifisert. Døme på Q-type-asteroidar er: 1862 Apollo og 2063 Bacchus i tillegg til dei unummererte asteroidane 1991 BN og 1997 US9.