Olivin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olivin

Olivin
Generelt
KategoriEnkeltsilikat
Kjemisk formel(Mg,Fe)2SiO4
Identifikasjon
Fargeolivengrøn
Kløyvdårleg
Mohs hardleiksskala6,5-7
Strekfargekvit til grå
TransparensGjennomsiktig
Spesifikk vekt3,17 - 3,27
Andre eigenskaparfinst som regel ikkje med kvarts
Kjelder[1]

Olivin ((Mg,Fe)2SiO4 er eit isomorft blandingsmineral mellom forsteritt (Mg2SiO4) og fayalitt (Fe2SiO4). Forsteritt er som oftast dominerande i olivin. Namnet kjem av den olivengrøne krystallfargen til mineralet, men mineralet får ein gulbrun farge ved forvitring.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Olivin er sprøtt og glasliknande.[2] Bergarten er ultrabasisk (pH rundt 9), tung (masse om lag 3,3 kg/dm³) og hard, men kan likevel forvitre lett ved kjemisk nedbryting. Jorda som blir danna av forvitra berg inneheld mykje krom, kobolt, jern, magnesium og nikkel, medan gjødningsstoff som fosfor, kalium og nitrogen manglar.[3]

«Kallen» i Tafjord (Kallskaret naturreservat) er ei søyle av raud olivin som stikk opp over berget rundt.

Olivin går over til serpentin. Forvitra (oksidert) olivin eller serpentin er synleg som raudbrune bergnabbar som er typisk for område med mykje olivin, til dømes i Norddal der namn som Raudnakken og Raudbergvika (Robbervika) vitnar om olivin i berggrunnen.[4] Kallskaret i Tafjord er ein verna geologisk førekomst. Namnet kjem av «Kallen», ein høg stake av olivin.

Olivinutvinning i Robbervika (midt i biletet) ved Sunnylvsfjorden.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det særleg mykje olivin på Nordvestlandet i eit belte frå Måløy og Åheim ved Stadlandet til Tafjord på indre Sunnmøre.[5] Åheim på ytre Sunnmøre har verdas største olivinproduksjon.[6] Det er også olivinutvinning ved Bryggja i Nordfjord og i Robbervika i Norddal. I Svarthammaren i Dalsbygda i Norddal vart det brote olivin fra omkring 1920 til 1979, produksjonen var på det meste 600 tonn i døgnet. I Robbervika (Raudbergvika), også i Norddal, har det frå 1984 vore henta ut olivin i eit stort dagbrot.[7] I 1991 vart det frå Robbervika skipa ut olivin til ein førstehandsverdi på omkring 30 million kroner.[8]

Olivin er eit av dei viktigaste industriminerala i Noreg, og landet står for omkring 50 % av verdsproduksjonen. Mineralet er nyttig i industrien mellom anna på grunn av høgt smeltepunkt, termisk stabilitet og stor varmekapasitet. Olivin blir mellom anna brukt ved framstilling av råjern (olivin bind slaggstoff i jernmalmen), som støypesand og i eldfast stein.[9] Olivin blir også nytta til å binde giftige tungmetall til dømes i ureina fjordar og i søppelfyllingar på grunn av god evne til å ta opp og binde ulike tungmetall.[10] Totalt blir det produsert om lag 3,3 million tonn olivin i Noreg kvart år med ein eksportverdi på om lag 300 millionar kroner (tal for 2003).[11] Olivin og serpentin har også vore nytta som bryne og slipestein.[12] Frå Skrenakkhammaren ved Raudbergvika i Norddal vart det tidlegare laga brynestein av glimmerhaldig olivin.[13]

Mineral i olivingruppa[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://webmineral.com/data/Olivine.shtml lese 9.12.2012
  2. Norges geologiske undersøkelse: «Olivin» Arkivert 2013-05-17 ved Wayback Machine.. Lese 9. desember 2012.
  3. Holtan, D. 2008: Olivinskogene i Norge – en oppsummering av status og verdi. Møre og Romsdal fylke, areal- og miljøvernavdelinga. Rapport 2008: 06.
  4. Kleiva, Ivar (1976): Grunn og gror. Norddal bygdebøker, III.
  5. Norges geologisk undersøkelser. «Kart over mineralressurser» Arkivert 2012-12-14 ved Wayback Machine.. Lese 9.12.2012.
  6. Geoportalen: Olivenstein, lese 9.12.2012.
  7. Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år. Valldal: Norddal kommune.
  8. Grytten, Harald (1992): Georg Stokke - slik jeg husker det. Utgitt av Stokke industrier.
  9. Norges geologiske undersøkelse: «Olivin» Arkivert 2013-05-17 ved Wayback Machine.. Lese 9.12.2012.
  10. Holtan, D. 2008: Olivinskogene i Norge – en oppsummering av status og verdi. Møre og Romsdal fylke, areal- og miljøvernavdelinga. Rapport 2008: 06.
  11. Neeb, P.R. 2004: Mineralindustrien i Norge, Bergindustrien 2003. NGU rapport 2004.031.
  12. Kleiva, Ivar (1976): Grunn og gror. Norddal bygdebøker, III.
  13. Helland, Amund (1911): Topografisk-statistisk beskrivelse Romsdals amt. Første del, s.142. Kristiania: Aschehoug.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Olivin