Qal'at al-Bahrain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Qal'at al-Bahrain
Bahrain Fort overview.jpg
LandBahrain
Flag of UNESCO.svgInnskriven ved UNESCOs 29. sesjon i 2005.
Referansenr. 1192.
Kriterium:II, III, IV
Sjå ògVerdsarvstader i Asia
BakgrunnsstoffQal'at al-Bahrain ved unesco.org

Qal'at al-Bahrain (قلعة البحرين), også kjend som Bahrain festning eller Nader sjah-festningen, etter den persiske kongen, er ein arkeologisk funnstad i Bahrain med spor tilbake til 2200-talet f.Kr. Han blei utpeikt som verdsarvstad i 2005.[1][2]

Arkeologiske utgravingar som har gått føre seg sidan 1954 har avdekt sju historiske sjikt i ein 12 meter høg kunstig haug (tell). Denne blei skapt av innbyggjarar frå 2300 f.Kr heilt fram til 1700-talet, mellom anna kassittar, grekarar, persarar og portugisarar. Ein gong var staden hovudstad for Dilmun.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Festningen og tellen ligg på hovudøya Bahrain, 6 km frå fastlandet i nordaust. På klare dagar kan ein sjå anlegget frå Sar. Det står som ein «vaktpost» 4 km frå Manama i det fruktbare kystområdet i nord.[3][4] Tellen er den største i Persiabukta, og voks fram nær hamna som blei bygd gjennom landvinning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Qal’at al-Bahrain – Ancient Harbour and Capital of Dilmun». Unseco.org. Henta 28. april 2011. 
  2. «Qal’at al-Bahrain (Bahrain) no 1192» (pdf). Unseco.org. Henta 28. april 2011. 
  3. Dr Mike Hill: Wildlife of Bahrain, Miracle Graphics, s. 92–. ISBN 9789990137040. Henta 30. april 2011. 
  4. Oxford Business Group: The Report: Emerging Bahrain 2007, Oxford Business Group, s. 158–. ISBN 9781902339733. Henta 30. april 2011.