Bahrain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
مملكة البحرين
Mamlakat al-Bahrayn

(norsk: Bahrain, bahrainsk)

Det bahrainske flagget Det bahrainske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Bahrainona»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Bahrain
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Manama
Styresett
Monarki
Hamad bin Isa Al Khalifa
Khalifa bin Salman Al Khalifa
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
760 km² (175.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2015)
 – Tettleik
 
1 346 613 (152.)
1 771,9 /km² (4.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
1971
Nasjonaldag 16. desember
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
64 900 mill. USD (96.)
55 400 USD (16.)
Valuta Bahrainsk dinar
Tidssone UTC +3
Telefonkode +974
Toppnivådomene .bh


Bahrain (arabisk: البحرين - Dawlat al-Bahrayn) er eit land i Persiabukta som består av 36 øyar med korallrev rundt. Landet produserer petroleum og noko aluminium.

Satellittbilde av Bahrain. (Kjelde: NASA)

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dei tre største øyane i landet heiter Bahrain, Muharraq og Sitra. Bruer og demningar bind desse og det saudi-arabiske fastlandet saman.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Bahrain har svært høg luftfukt året rundt, bortsett frå når varm og tørr luft bles frå landområda rundt. Det kjem likevel særs lite nedbør, berre litt under 100 mm på eit normalt år. Det vesle som kjem fell som regel mellom november og mars. Landet har likevel store grunnvassreservoar.

Høge temperaturar frå april til oktober fører til svært trykkande varme som kan kjennast ubehageleg. Vintertemperaturane er meir behaglege, men av og til kan ein kjølig nordleg vind frå Iran føre til lågare temperaturar. Middeltemperaturen er 17 °C i januar, 34 °C i august. August og september er dei varmaste månadane og temperaturen kan då stige til over 40 °C.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bahrain var britisk protektorat frå 1867 til 1971, då det fekk sjølvstende.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Bahrainarane er hovudsakleg arabiske muslimar, men landet har òg ein del gjestearbeidarar frå India og Pakistan. Om lag 235 000 av 667 000 innbyggjarar (2003) har ikkje bahrainsk statsborgarskap.

Arabisk er det offisielle språket, men engelsk er mykje brukt både av styresmaktene og folket generelt.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Bahrain er eit kongedømme styrt av Al-Khalifa-familien, med kongen som statsoverhovud mens statsministeren er regjeringssjef. Hamad bin Isa al-Khalifa er konge mens onkelen hans Khalifa bin Salman al-Khalifa er statsminister. Begge tek avgjersler i samråd med ministrane. Inntil 1999 var statsoverhovudet emiren, men Hamad bin Isa al-Khalifa endra tittelen til konge.

Det første parlamentsvalet blei halde i 2002, då også kvinner fekk stemmerett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bahrain

Kjelder[endre | endre wikiteksten]