Qandilfjella
Qandil | |||
قەندیل, Çiyakanî Qendîl | |||
fjellkjede | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Arbil guvernement | ||
Høgd | 3 587 moh. | ||
Koordinatar | |||
![]() Qandilfjella | |||
Qandilfjella (kurdisk چیای قەندیل, Çiyayên Qendîl) er eit fjellområde i Irakisk Kurdistan nær grensa til Iran. Regionen høyrer til under Zagrosfjella og er vanskeleg å nå med særs kupert terreng. Dei høgaste toppane er på over 3 000 meter over havet.
Området er kjent som ein tilfluktsstad og hovudkvarter for det kurdiske, venstreorienterte Kurdistans arbeiderparti (PKK). Kring 5 000 PKK- og andre væpna geriljafraksjonar kontrollerer området på kring 50 km², som sporadisk har blitt bomba av det tyrkiske luftforsvaret og iransk artilleri i fleire år. Partiet for fritt liv i Kurdistan (PJAK) held òg til i Qandil i lag med PKK, og frå her kan dei infiltrere Iran.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Qandil Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 23. april 2018.