Guvernement i Irak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Irak består av 19 guvernement (muḥāfażah på arabisk), òg kjend som «provinsar».

Den tidlegare presidenten Saddam Hussein delte inn landet i 18 guvernement i 1970-åra for å drive etnisk manipulering.[1] Ein del av dei kurdiske områda i landet fekk sjølvstyre i 1970. I 2003, etter motstand frå kurdarar om deling av Kurdistan i guvernement,[1] vart sjølvstyret til dei tre kurdiske provinsane i Irak stadfesta på ny i 2005 i den irakiske grunnlova.[2] Denne heldt likevel mange andre store kurdiske område, som Kirkuk, Khanaqin, Sinjar og Mandali-Badra, utafor det det kurdiske sjølvstyreområdet. I 2014 vart det avgjort å opprette Halabja guvernement av Halabja-distriktet i Sulaymaniyah guvernement.[3][4]

Den 21. januar 2014 godkjende ministerrådet i den irakiske regjeringa i prinsipelle forslag å skape fleire guvernement.[5] Rådet annonserte to nye guvernement Tal Afar og Tuz Khurmatu skulle dannast av dei noverande Nineveh guvernement og Saladin guvernement.[6] Det vart òg annonsert at byen Fallujah i Al Anbar guvernement skulle bli eit eige guvernement,[5] som svar til eit sunniislamsk opprør i byen.

Guvernement[endre | endre wikiteksten]

Guvernementa
Guvernement Postnummer ISO-kode Samla areal (km²) Folketal (2011) Hovudstad
Al Anbar 31 AN 138 501 1 ,561 400 Ramadi
Babil 51 BB 5 603 1 820 700 Hillah
Bagdad 10 BG 204,2 7 055 200 Bagdad
Basra 61 BA 19 070 2 532 000 Basra
Dhi Qar 64 DQ 12 900 1 836 200 Nasiriyah
Al-Qādisiyyah 58 QA 8 153 1 134 300 Al Diwaniyah
Diyala 32 DI 17 685 1 443 200 Baqubah
Dohuk 42 DA 6 553 1 128 700 Dohuk
Erbil 44 AR 15 074 1 612 700 Erbil
Halabja 46 3 060 337 000 Halabja
Karbala 56 KA 5 034 1 066 600 Karbala
Kirkuk 36 KI 9 679 1 395 600 Kirkuk
Maysan 62 MA 16 072 971 400 Amarah
Muthanna 66 MU 51 740 719 100 Samawah
Najaf 54 NA 28 824 1 285 500 Najaf
Nineveh 41 NI 37 323 3 270 400 Mosul
Saladin 34 SD 24 751 1 408 200 Tikrit
Sulaymaniyah 46 SU 17 023 1 878 800 Sulaymaniyah
Wasit 52 WA 17 153 1 210 600 Kut

Tidlegare guvernement[endre | endre wikiteksten]

Grensene til dei irakiske guvernement 1980-2003. Kuwait vart annektert som det 19. guvernementet 1990-1991.
Guvernement I dag del av
Mosul Nineveh guvernement og Dohuk guvernement
Diwaniya Al-Qādisiyyah guvernement, Muthanna guvernement og Najaf guvernement
Dulaim (–1962), Ramadi (1962–1976} Al Anbar guvernement
Muntafiq (–1976) Dhi Qar guvernement
Amara (–1976) Maysan guvernement
Kut (–1976) Wasit guvernement
Bagdad Bagdad guvernement og Saladin guvernement
Kikuk (–1976), At-Ta'mim (1976–2006) Kirkuk guvernement

Tidlegare kravde guvernement[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Brendan O'Leary (11 August 2006). The Future of Kurdistan in Iraq. University of Pennsylvania Press. s. 30–31. ISBN 0-8122-1973-2. 
  2. Iraqi Constitution, Article 113.
  3. «KRG order turning Halabja into province sets off street celebrations». Rudaw. 14 March 2014. Henta 12. september 2017. 
  4. «Kurdistan Region President signs Halabja province directive». Kurdistan Region Presidency. 16 March 2014. Henta 12. september 2017. 
  5. 5,0 5,1 «Resolutions of Council of Ministers For Session No. 3 on 21/1/2014». 21 January 2014. Henta 12. september 2017. 
  6. «Iraqi Council of Ministers approved new provinsar of Tuz Khurmatu and Tal Afar». Kurd Net. 21 January 2014. Henta 12. september 2017.