Queen Charlotte i Britisk Columbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Queen Charlotte
kommune
Land  Canada
Kart
Queen Charlotte i Britisk Columbia
53°15′17″N 132°06′09″W / 53.254722222222°N 132.1025°W / 53.254722222222; -132.1025
Wikimedia Commons: Daajing Giids

Queen Charlotte, lokalt vanlegvis berre kalla Charlotte (haida Daajing Giids),[1] er ein landsby-kommune på Haida Gwaii (tidlegare Queen Charlotte Islands) i provinsen Britisk Columbia i Canada. Han ligg på sørenden av Grahamøya ved Skidegate Inlet. Kommunen høyrer til North Coast Regional District.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 2021 utført av Statistics Canada hadde Queen Charlotte eit folketal på 964 som budde i 488 av dei totalt 574 private bustadane her, ei endring på 9 % frå folketalet i 2016 på 884. Med eit areal på 35,58 km² (13.74 sq mi) hadde staden ein folketettleik på 27,1/km² (70.2/sq mi) i 2021.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den europeiske historia på øygruppa byrja i 1787 då kaptein George Dixon var på ei handelsreise langs kysten. Han kalla henne opp etter fartøyet sitt, «Queen Charlotte».[3]

Landsbyen blei grunnlagd i 1891. I 1908 var han den fyrste bymessige busetnaden som blei registrert på øyane. Han blei fyrst skipa som kommune i 2005.[4]

Busetnaden blei gurnnlagd då det fyrste sagbruket på øygruppa kom i drift i 1908. Etter den fyrste verdskrigen trong ein ekstra arbeidskraft for å supplera tømmer til allierte krigsfly. Infrastrukturen i byen utvikla seg raskt, og ein fekk offentleg utdanning, eit sjukehus, landhandlar og andre tilbod, tilmed ei avis.

Tømmer og fiske var dei viktigaste arbeidsplassane i Queen Charlotte då etterspurnaden etter tømmer auka igjen på andre halvdel av 1900-talet. I dag er få innbyggjarar sysselsette i desse primærnæringane, og ein har i staden bytta til eit turisme-orientert samfunn, sjølv om statlege arbeidsplassar er dei viktigaste på staden, som i helsevesenet, skular, ferjer, skogs- og parkvesen og liknande.[5]

Bygningar og tenester[endre | endre wikiteksten]

Sjukehuset i Daajing Giids

Queen Charlotte har fleire motell, butikkar, restaurantar, ein bensinstasjon og bilverkstad, kredittbank, politistasjon og sjukehus. Queen Charlotte Visitor Centre er ope heile året. Queen Charlotte har ei lita hamn som ofte er utgangspunkt for båtturar inn i Gwaii Haanas National Park Reserve and Haida Heritage Site sør på Moresbyøya.

Eit nytt sjukehus blei opna i Daajing Giids i 2016 med 6 sengeplassar.[6][7] Det har namnet Haida Gwaii Hospital and Health Centre or Xaayda Gwaay Ngaaysdll Naay.[6]

Queen Charlotte ligg 9 kilometer (5,6 mi) unna Skidegate med ei hamn for BC Ferries og samband til Prince Rupert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «FirstVoices: Hlg̱aagilda X̱aayda Kil: words». Henta 24. juni 2020. 
  2. «Population and dwelling counts: Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), British Columbia». Statistics Canada. February 9, 2022. Henta February 20, 2022. 
  3. Hamilton, William (1978). The Macmillan Book of Canadian Place Names. Toronto: Macmillan. s. 48. ISBN 0-7715-9754-1. 
  4. «Queen Charlotte». Haida Gwaii (Haida Gwaii Observer). 2018. s. 36. 
  5. Queen Charlotte City - History Arkivert 27. juni 2009 ved Wayback Machine.
  6. 6,0 6,1 «Haida Gwaii Hospital and Health Centre - Xaayda Gwaay Ngaaysdll Naay | Northern Health». www.northernhealth.ca. Henta 2 June 2022. 
  7. «Haida Gwaii Hospital officially opens | BC Gov News». news.gov.bc.ca (på engelsk). 24 November 2016. Henta 2 June 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Queen Charlotte i Britisk Columbia