Queen Mary University of London
Queen Mary University of London | |
![]() | |
![]() | |
Motto | Coniunctis Viribus 'Med sameint kraft' |
---|---|
Grunnlagt | 1123 (Grunnlegginga av St Bartholomew's Hospital) 1785 (London Hospital Medical College) 1843 (Medical College of St Bartholomew's Hospital) 1882 (Westfield College) 1885 (Queen Mary College) 1989 (slått saman med Queen Mary & Westfield) 1995 (medinsinskular slått saman med QMW) |
Type | Offentleg |
Rektor | Professor Simon Gaskell |
Stad | London i Storbritannia |
Studentar | 14 820[1] |
Tilsette | 3 000 |
Nettstad | www.qmul.ac.uk |
Queen Mary University of London (uformelt Queen Mary, QMUL eller QM) er eit offentleg forskingsuniversitet i London i Storbritannia og eit college under statlege University of London. Med røter attende til 1785 vart Queen Mary skipa då fire historiske college vart slått saman, og har vore ein del av University of London sidan 1915.
Hovudcampusen for Queen Mary ligg i Mile End-området i East End of London, med andre område i Holborn, Smithfield og Whitechapel. Han har kring 17 000 fulltidsstudentar og 4 000 tilsette.[2] Kring 20 % av studentane kjem frå utlandet. Queen Mary er delt inn i tre fakultet - Faculty of Humanities and Social Sciences, Faculty of Science and Engineering og Barts and The London School of Medicine and Dentistry – som er vidare delt inn i 21 akademiske departement og institutt.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Queen Mary, University of London» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Table 0a – All students by institution, mode of study, level of study, gender and domicile 2010/11» (Microsoft Excel spreadsheet). Higher Education Statistics Agency. Henta 24. oktober 2013.
- ↑ «About Queen Mary, University of London». Queen Mary, University of London. Henta 24. oktober 2013.