London Borough of Tower Hamlets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
London Borough of Tower Hamlets
bydel
Blackwall terrace 1.jpg
Land Flag of England.svg England
Region Stor-London

London Borough of Tower Hamlets
51°30′36″ N 0°0′22″ W
Wikimedia Commons: London Borough of Tower Hamlets

Tower Hamlets er ein bydel i London, aust for City of London og nord for Themsen. Han inkluderer området kjent som East End.

Namnet har vore i bruk i fleire hundre år, då bydanninga i området oppstod som små landsbyar (hamlets) nær Tower of London. Landsbyane måtte ifølgje ein lov frå 1500-talet stille med vaktmannskap til Tower. Bydelen i moderne forstand blei oppretta i 1965 ved at dei tidlegare valkrinsane Bethnal Green, Poplar og Stepney blei slått saman.

Bydelen omfattar store delar av hamneområdet Docklands, inkludert West India Docks og Canary Wharf.

Tower Hamlets var ein av fem bydelar som var vertskap for Sommar-OL 2012.

Stader i Tower Hamlets[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: London Borough of Tower Hamlets