Quetzalcoatlus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Quetzalcoatlus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Flygeøgle Pterosauria
Infraorden: Eupterodactyloidea
Overfamilie: Azhdarchoidea
Familie: Azhdarchidae
Underfamilie: Quetzalcoatlinae
Slekt: Quetzalcoatlus
Lawson, 1975

Quetzalcoatlus var ei flygeøgle i underordenen Pterodactyloidea som levde i Nord-Amerika for 65–75 millionar år sidan. Det var eit av dei største dyr som nokon gong har floge, truleg det aller største, med eit vengespenn på om lag 12 meter, og som når dyret sat på marka målte kring 3 meter. Quetzalcoatlusen sine fingrar, som sat på vengane, balanserte både kroppsvekta og vengane samstundes. Trass i at Quetzalcoatlus var ein flygeøgle så fann dyret det meste av maten på marka.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Quetzalcoatlus var ei svært stor flygeøgle, med eit vengespenn på 10–12 meter. Når dyret stod på marka målte det 3 meter, noko som sidestiller det med Ornithocheirus. Quetzalcoatlus var elles ei typisk flygeøgle, med vengar som bestod av særs lange fingrar med hudhinner utspende imellom. I det ytre likna dyret Pteranodon på fleire vis, men hadde ikkje like lang hovudkam som denne. Quetzalcoatlus sin hovudkam bestod av bein som var dekte av ei mjuk fargerik hinne, truleg brukt til å imponere. Munnen var utforma som ein lang og tannlaus nebb, lik storken sin. Dyret hadde pelsliknande bust på kroppen samt ein kort svans. Quetzalcoatlus var varmblodig.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det vitskaplege slektsnamnet Quetzalcoatlus er inspirert av Quetzalcóatl, namnet på ein slangegud i aztekarane sin religion.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Quetzalcoatlus i populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Quetzalcoatlus var med i det siste avsnittet av BBC-serien Dinosaurenes tid frå 1999. Ho er også med i Discovery Channel sitt TV-program When Dinosaurs Roamed America (2001) og i Dinosaur Planet (2003).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]