Stork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stork
Foto: André Karwath
Foto: André Karwath
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Stork
Utbreiinga av Stork
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Aequornithes
Orden: Storkefuglar Ciconiiformes
Familie: Storkefamilien Ciconiidae
Stamme: Ciconiini
Slekt: Ciconia
Art: Stork C. ciconia
Vitskapleg namn
Ciconia ciconia

Stork (Ciconia ciconia) er ein stor fugl i storkefamilien Ciconiidae. Fjørdrakta er hovudsakleg kvit, med svartvengene. Vaksne har lange raude bein og lange spisse raudfarga nebb, og måler gjennomsnittleg 100-115 centimeter frå nebbspissen til enden av halen, med 195-215 cm vengespenn. Dei to underartane, som skil seg litt i storleik, hekkar i Europa, nordvestlege Afrika, sørvestlege Asia aust til Sør-Kasakhstan, og Sør-Afrika. Stork er ein langdistanseflyttfugl, overvintrar i Afrika frå tropisk Afrika sør for Sahara til så langt sør som Sør-Afrika, eller på det indiske subkontinentet. Når dei trekkjer mellom Europa og Afrika, unngår dei å krysse Middelhavet og tar heller omvegar om Levanten i aust eller Gibraltarstredet i vest, fordi termikken som flukta deira avheng av ikkje førekjem over vatn.

Som kjøtetar, et storken av eit breitt spekter av byttedyr, inkludert insekt, fisk, amfibium, krypdyr, små pattedyr og småfuglar. Han plukkar det meste av maten frå bakken, inne i låg vegetasjon eller på grunt vatn. Dei er monogame, men har ikkje livslang pardanning. Begge kjønna deltar i bygging av eit stort reir av kvistar som kan bli brukt i fleire år. Kvart år legg hoa eit kull på vanlegvis fire egg, som blir klekt asynkront etter 33 til 34 dagar. Begge foreldra tar del i ruging og syter for mat til ungane. Om lag 58-64 dagar etter klekking forlèt ungane reiret, og foreldra held fram med å mate dei i ytterlegare 70-20 dagar.

IUCN vurderer stork som livskraftig på verdsbasis. I mellomalderen drog storken nytte av menneskeleg aktivitet som skogrydding, men endringar i driftsformer og industrialisering førte til nedgang og fråvære frå delar av Europa på 1800-talet og på 1900-talet. Program for vern og gjeninnføring over heile Europa frå slutten av 1900-talet har resultert i at storken tar opp att hekking i Nederland, Sveits, Sverige og Storbritannia. Han er berre ein sjeldan streiffugl i Noreg.

Storken har få naturlege fiendar, men kan bere fleire parasittypar: fjørdrakta er heimen til lus og fjørmidd, medan det store reira held eit variert utval av mesostigmate midd.

Denne iaugefallande fuglen har gjeve opphav til mange legender over heile utbreiingsområdet, der den mest kjende er historia om at storkar bingar med seg spedborn.

Storkeeegg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stork
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Ciconia ciconia