Rødsfjorden i Risør
Hopp til navigering
Hopp til søk
Denne geografiartikkelen som har med Aust-Agder å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Rødsfjorden er ein del av Søndeledfjorden i Risør kommune. Han ligg vest for halvøya Barmen og har ei lengd på om lag 2,5 km. Han strekkjer seg frå øya Frøyna og Nordfjorden i nord til innløpet til Sørfjorden. Både Nordfjorden og Sørfjorden er òg delar av Søndeledfjorden og ligg nord og sør for Barmen.
