RSS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå RSS (fleirtyding).
Utbreidd RSS-ikon

RSS er ein XML-dialekt basert på RDF (Resource Description Framework) som vert brukt til å vidareformidle utdrag av innhald frå ei nettside. Det er eit standardisert som kan brukast til å samla utdrag frå fleire nettsider i ein felles lesar. Denne RSS-lesaren kan til dømes vera del av ei anna nettside eller vera installert på ein datamaskin eller mobiltelefon. Nettstader bruker ofte RSS for å formidla informasjon som ofte vert endra, som bloggar, nyhende, lyd eller video.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første versjonen av RSS var RDF Site Summary eller Resource Description Framework, laga av Dan Libby og Ramanathan V. Guha ved Netscape. Denne kom ut i mars 1999 for bruk ved My.Netscape.Com portal.[2] Versjonen er også blitt kjend som RSS 0.9.[3] I juli 1999 laga Libby ein ny versjon, RSS 0.91,[4] som forenkla formatet gjennom å fjerna element frå RDF og fletta inn element frå Dave Winer sitt nyhendesyndikeringsformat.[5] Libby endra namnet frå RDF Site Summary til RSS, som stod for Rich Site Summary.[6]

RSS vart utvikla av Netscape for å handtere det dei kalla «kanalar». Dette var medan dott-com-bølgja var på høgdepunktet og Netscape såg føre seg å nytte RSS for at kundane skulle abonnere på innhald. «Push-teknologi» var eit anna namn på fenomenet, ei løysing som ikkje vart nokon suksess for Netscape. RSS vart først ein suksess etter at Dave Winer og det amerikanske firmaet UserLand nytta teknologien i sine såkalla bloggar. Etter kvart vart teknologien standardisert gjennom W3C.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Web feeds - RSS - The Guardian», The Guardian (London: guardian.co.uk), 2008 
  2. Hines, Matt (15. mars 1999). «Netscape Broadens Portal Content Strategy». Newsbytes. 
  3. «My Netscape Network: Quick Start». Netscape Communications. Arkivert frå originalen 8. desember 2000. Henta 31. oktober 2006. 
  4. Libby, Dan (10. juli 1999). «RSS 0.91 Spec, revision 3». Netscape ttem. Arkivert frå originalen 4. desember 2000. Henta 14. februar 2007. 
  5. RSS Advisory Board (June 7, 2007). «RSS History». Henta 4. september 2007. 
  6. «MNN Future Directions». Netscape Communications. Arkivert frå originalen 4. desember 2000. Henta 31. oktober 2006. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: RSS