RS «J.M.Johansen»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
RS 53 «J.M. Johansen»
Konstruktør:  Richard G. Furuholmen
Byggjeår:  1948
Byggjepris:  700 000 kroner
Oppkalla etter:  Julius Marencius Heiberg Johansen
Finansiering:  Julius Marencius Heiberg Johansen
Eigenskapar
Lengde:  23,77 meter
Breidde:  6,10 meter
Djupgåande:  3,30 meter
Motor:  2x 100/120 Wichmann
Fart:  10,5 knop
Mannskap:  6
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1949
Ut av teneste:  1979
Menneskeliv berga:  70
Fartøy assistert:  854

RS 53 «J.M.Johansen» var den første redningskryssaren som vart bygd for Redningsselskapet. Redningskryssaren var resultatet av ein konkurranse Redningsselskapet lyste ut i 1945. Målet med konkurransen var å kome fram til eit redningsfartøy som skulle drivast av motorkraft. Ein av førstepremievinnarane var Richard G. Furuholmen. Han fekk i oppdrag å teikne den nye redningskryssaren. Fartøyet vart kontrahert ved Standard Båtbyggeri i Drammen i januar 1946. Problem, med mellom anna å skaffe materialar, gjorde at «J.M.Johansen» først vart sjøsett 14. oktober 1948. Han vart overlevert til Redningsselskapet 27. mars 1949. «J.M.Johansen», som var 23,77 meter lang, er det lengste trefartøyet som har vore i Redningsselskapet sin flåte. Huda var av eik. Dekket var av pitchpine. Det meste av dei andre trematerialane var eik.

Dette nykonstruerte fartøyet som fekk ein betydeleg høgre byggepris enn tidlegare redningsfartøy, var ei gåve frå væreigar Julius Marencius Heiberg Johansen. Som så mange andre redningsfartøy fekk «J.M.Johansen» namn etter gjevaren.

Seglføringa på «J.M.Johansen» var mesan og ei mindre fokke. Desse vart mest brukte som støttesegl. Hovudframdrifta kom frå to Wichmann dieselmotorar på 100/120 hk. Ein 8 tonns dieseltank gav ein aksjonsradius på 10 døger. Farten var 10,5 knop, og besetninga var på 6 mann.

«J.M.Johansen» vart bygd for å kunne hjelpe fiskeflåten i fjerne farvatn. I 1949 var kryssaren sikringsfartøy under overfart og fiske for fleire fartøy som deltok i torskefiske på Vest-Grønland. Ved Nord-Island fekk eit av fiskefartøya, MK «Teistevoll», motortrøbbel. I nærmare to døger freista «J.M.Johansen» å berge kuttaren. Til slutt måtte dei gi opp fartøyet. Mannskapet på 17 vart redda.

Mannskapet på «J.M.Johansen» fekk Emile Robins belønning for denne redninga.

På tilbaketuren frå Grønland slepte redningskryssaren ei fiskefartøy til TórshavnFærøyane, ein distanse på 630 nautiske mil.

Under teneste for Redningsselskapet redda «J.M.Johansen» 70 menneske frå ein sikker daude. 84 fartøy fekk assistanse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]