Radarsat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit bilete av Canada tatt frå Radarsat

Radarsat er eit canadisk program av jordobservasjonssatelittar som overvaker jorda ved bruk av radar. Den første satelitten, Radarsat-1 vart skoten opp i 1995[1] og er framleis operativ. Radarsat-2 kom til i 2007 og er eit samarbeid mellom canadiske styresmakter og private aktørar.[2]

Canada planlegg ein oppfølgjar av Radarsat-programmet, kalla Radarsat Constellation. Den første oppskytinga er planlagt i 2018.[3] Alle satelittane i radarsat-serien nyttar ein SAR (Synthetic Aperture Radar) for å overvake jorda. Fordelen med SAR er at det ser gjennom skyar og om natta, noko valnlege optiske satellittar ikkje gjer. SAR blir brukt mykje i maritim overvaking. Noreg har ein avtale med Canada som gjer at Noreg får tilgang til 2000 bilete i året frå Radarsat-2.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]