Radikalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Radikalisme femnar om ulike politiske retningar. Å vere radikal tyder eigentleg «å gå til rota» av noko, det vil seie å gå inn for grunnleggjande endringar i tilhøva på eitt eller anna område, kan hende i heile samfunnet, alt etter konteksten.

Ordet blir i vestleg politikk oftast bruka om dei som høyrer til venstresida, fordi dei mellom anna vil endre det grunnleggjande tilhøvet ein kallar kapitalisme. Men ordet kan også nyttast om motsett fløy i politikken, da kalla «høgreradikal», det vil seie nokon som vil endre dei samfunnsmessige tilhøva monaleg i motsett retning av det venstresida vil.