Høgresida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Når ein snakkar om politikk er Høgresida ei skildring av kva for politisk retning ein person eller eit parti tradisjonelt sett høyrer til. Utanom Høgresida snakkar vi, i tradisjonell politikk, òg om Sentrum og Venstresida.

Den første kjende inndelinga i ei politisk høgre- og venstreside finn vi i det første franske parlamentet (etter den franske revolusjonen). Der vart dei mest radikale (dei som til dømes ville innføre allmenn røysterett for menn) plasserte til venstre for talarstolen og dei meir «konservative» (dei som ynskte å bremse den revolusjonære utviklinga) plasserte til høgre for talarstolen. Dette har til dels vore malen for vidare bruken av inndeling i politisk høgre og venstre. Etter at inndelinga i høgre og venstre vart malen i europeisk politikk, dukka òg det meir uklåre uttrykket Sentrum opp.

Kven er Høgresida[endre | endre wikiteksten]

Høgre og Framstegspartiet er dei største partia på den norske høgresida.

Partia som i europeisk tradisjon vert kategoriserte på Høgresida er parti som historisk har vore motstandarar av grasrotrørsler som t.d. bonderørsla og arbeidarrørsla. Høgresida har historisk vore dominert av velståande og/eller veletablerte menneske. Innanfor Høgresida finn ein fleire retningar; konservativisme, økonomisk liberalisme, osv. Alle på høgresida vedkjenner seg ei form for kapitalisme. Når ein ser på at to parti som er så ulike kvarandre som Høgre og FrP begge vert definerte som høgreside-parti ser ein at ein definisjon av politiske retningar er vanskeleg.

Symbolikk på Høgresida[endre | endre wikiteksten]

  • I politikken er blåfargen mykje brukt som symbol på Høgresida. Til dømes er logoen til det norske partiet Høgre eit blått flagrande flagg.
  • Ei anna farge som òg har vorte brukt er kvit (frå det franske kongebanneret). T.d. vart Otto von Bismarck kalla ein «kvit revolusjonær» og den borgarlege/monarkistiske sida i borgarkrigane i Russland og Finland vart kalla «dei kvite».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]