Radiopeiling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Radiotriangulering med to peileantenner (A og B)

Radiopeiling (engelsk Direction Finding - DF) er å finna ut kva for ei retning som eit motteke elektromagnetisk signal vart sendt ifrå. Dette kan referera seg til radio eller andre former for trådlaus kommunikasjon, inkludert radar signaldeteksjon og overvaking (ELINT/EST). Ved å kombinera retningsinformasjon frå to eller fleire mottakarar i høveleg avstand til kjelda på same tid, kan posisjonen verta funnen via triangulering. Radiopeiling vert brukt i navigasjon av skip og fly, for å finna ein beredskapssender for søk og redning, for sporing av dyreliv, og for å finna ulovlege eller forstyrrande sendarar. DF var viktig i kampen mot tyske truslar både under andre verdskrigen, Battle of Britain og i Slaget om Atlanterhavet. Luftforsvaret i Storbritannia har òg brukt DF å finna sine eigne jagarflygrupper samstundes med at dei òg peila fienden sine bombefly.

Radiopeiling kan brukast til å bestemme retninga til alle elektromagnetiske utstrålingar, sjølv om særs lange bølgjelengder (låge frekvensar) krev svært store antenner, og vert brukt generelt berre på bakkebaserte system. Desse bølgjelengdene er likevel brukt for radionavigasjon til sjøs ettersom dei kan reisa særs lange avstandar "over horisonten", noko som er verdifullt for skip når sikta kan vera berre nokre få kilometer. Ved antennebruk der horisonten kan utvidast til hundrevis av kilometer kan høgare frekvensar brukast som tillèt bruk av mykje mindre antenner. Automatiske peileapparat som tidlegare kunne finna ut posisjonen på skip eller fly ved å peile kjende radiofyr og faste kringkastarar, vart i 2017 gradvis utfasa[1].

Militært er radiopeiling eit viktig verktøy for signaletterretning. Evna til å finna posisjonen til ein fiendtleg sendar har vore vikig sidan første verdskrigen, og spelte ei sentral rolle i andre verdskrigen og "Battle of the Atlantic". Det er vurdert slik at Storbritannias avanserte "huff-duff"- system var direkte eller indirekte ansvarleg for at 24% av alle tyske u-båtar vart oppdaga under krigen. Moderne system brukar ofte fase-arrangerte antenner for å tillata rask stråleforming for særs noggranne resultat, og er ein del av eit større elektronisk krigføringskompleks.

Radiopeileapparat har utvikla seg i takt med utviklinga av ny elektronikk. Tidlege system som brukte mekanisk roterande antenner som samanlikna signalstyrkar vart vidareutvikla og fleire elektroniske versjonar med det same konseptet vart laga. Moderne system brukar samanlikning av fase eller doppler teknikkar som er generelt enklare å automatisera.[2]

Antenner[endre | endre wikiteksten]

Radiopeiling krev ei antenne som er retningsbestemd, altså ei antenne som er meir sensitive i visse retningar enn i andre. Til dømes har ein Yagi-antenne ganske markant retning, så kjelda til ei overføring kan verta avgjord berre ved å peika i den retninga der det maksimale signalnivået er oppnått. Likevel, for å etablera retning med stor grannsemd vert det kravt meir avansert teknikk.

Bellini-tosi peileantenne på toppen av masten av ein taubåt

Ei enkel form for retningsbestemd antenne er ei løkkeantenne. Ho utgjer ei open løkke av ei ledning, eller ein metallring som dannar antenneelement i seg sjølv, der diameteren på løkka er ein tidel av ei bølgjelengd eller mindre i høve til ønskt frekvens.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Next Gen Implementation Plan 013» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 2013-10-23. 
  2. «Radar (Radio Direction Finding) - The Eyes of Fighter Command».