Radioantenne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei antenne for å motta fjernsynsstandarden DVB-T

Radioantenne (eller berre antenne) er eit oppsett som kan senda og motta radiobølgjer (elektromagnetiske bølgjer). Føremålet kan vera å senda signal knytt til FM radio, Fjernsyn, mobiltelefon, radar eller satellitt.

Ei antenne kan anten motta eit elektromagnetisk felt og gjere det om til ein straum i antenna. Ei antenne sender ut eit signal at den vert mata med ein høgfrekvent straum, då vil antenna stråle ut eit elektromagnetisk felt som ei anna antenne ein annan stad kan motta.

Ordet antenne vart henta frå zoologi. I zoologien tyder antenne følehorn, som leddyra har framme på hovudet.

Guglielmo Marconi utvikla bruken av radioantenner om lag frå 1895.

Det finst fleire typar antenner, piskantenner, diopolantenner, hornantenner og disk- eller tallerkenantenner. Desse har ulike bruksområde og vil fungere for ulike radiofrekvensar.

Spire Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.