Rainerhorn
Utsjånad
Rainerhorn | |||
fjell | |||
Rainerhorn, sett frå sør
| |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Hohe Tauern | ||
Høgd | 3 559 moh. | ||
Primærfaktor | 153 m | ||
Førstestiging | 1859 | ||
Koordinatar | 47°1′38″N 12°12′16″E / 47.02722°N 12.20444°E | ||
Rainerhorn 47°06′03″N 12°21′51″E / 47.100843°N 12.364142°E | |||
Wikimedia Commons: Rainerhorn |
Rainerhorn er eit 3 359 meter over havet høgt fjell i Venediger-massivet i Hohe Tauern i Alpane, i Salzburg i Austerrike. Fjelltoppen er den nest høgste i massivet, og den mest augekjende toppen i breområdet Hohes Gletscherdach.
Rainerhorn vart vitja fyrste gongen den 10. august 1859 av dei austerrikske kartografane Franz Keil og Ignaz Wagl, som gav fjellet namn etter erkehertugen Rainer av Austerrike. Dei to vart leidde til topps av fjellførarane Bartlmä Steiner og Balthasar Ploner. Rudolf Spannangel og fjellførarane J. Unterwurzacher og J. Ensmann vart i 1892 dei fyrste som tok turen til topps om vinteren.
Rainerhorn er enkel å nå frå fjellhuset Defreggerhaus og eit ynda utsiktspunkt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rainerhorn» frå Wikipedia på tysk, den 1. august 2014.