Venediger-massivet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjell i Venediger-massivet

Venediger-massivet er eit område i fjellkjeda Hohe Tauern i Alpane i Austerrike. Venediger-massivet ligg i forbundslanda Salzburg og Tirol og strekker seg litt inn i Italia. Großvenediger er den høgste fjelltoppen i massivet og når 3 657 meter over havet.

Venediger-massivet ligg lengst nordvest i Hohe Tauern. Av fjellområda i Hohe Tauern er Venediger-massivet det med flest isbrear. Her er meir enn 100 fjelltoppar over 3 000 moh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]