Rakfisk frå Valdres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rakfisk frå Valdres er eit fermentert fiskeprodukt framstilt av oppdretta regnbogeaure eller aure nedlagt i saltlake. Ferdig rakfisk skal ha karakteristisk rakfisklukt og -smak, delikat raud farge og ein fast men smøreviljug konsistens.

Rakfisk frå Valdres er godkjend som ei verna geografisk nemning. Dette inneber at det berre er fisk som er klekka, oppdretta og foredla i Valdres som kan bli merkt og seld under dette namnet.

Bak produktnavnet Rakfisk frå Valdres står fellesselskapet Valdres Rakfisk BA, som er ei samanslutning av seks rakfiskprodusentar; Hande Fiskeoppdrett, Haadem Fisk, Noraker Gård, Lofoss Fisk, Røn Gård og Trøsvik Fisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]