Aure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For kommunen med same namn, sjå Aure kommune. For fleire tydingar, sjå Aure (fleirtyding).
Aure

Status i verda: LC Livskraftig

Bekkeaure (Salmo trutta fario)
Bekkeaure (Salmo trutta fario)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Salmoniformes
Familie: Salmonidae
Slekt: Salmo
Art: S. trutta
Vitskapleg namn
Salmo trutta

Aure (Salmo trutta) er ein fisk i laksefamilien. Han er den mest utbreidde fisken i Noreg og truleg den mest populære sportsfisken. Fisken finst både som sjøaure og i fjellvatn heilt opp til 1.500 moh.

Arten kan variera i storleik, form og levestad. Dette har gjeve han namn som til dømes brunaure, innsjøaure, bekkeaure, fjellaure og sjøaure. Den siste blir rekna som ein næringsrik feit fisk. Aurekjøtet er anten kvitt eller rosa.

Symjande bekkeaure.

Levestader[endre | endre wikiteksten]

Aure gyt vanlegvis i rennande vatn. Sjøaure er anadrom og oppsøkjer ferskvatn (elvar) for å gyta. Bekkeaure lever i regelen heile livet sitt i elvar eller innsjøar. Der han ikkje har tilgang på rennande vatn kan han gyta på grunner i stilleståande vatn, men ikkje i saltvatn.

Aure finn ein vanlegvis i kalde vatn, klåre elvar og innsjøar, og har spreidd seg naturleg over heile Nord-Amerika, Europa og Nord-Asia. På starten av 1800-talet vart aure frakta frå Europa og til vatn og elvar i Australia og New Zealand, Det har ført til at mange av dei fiskeartane som heldt til der har vorte utrydda.

6 cm lang aure etter sin første sommar.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Aure er ein rovfisk. Yngelen og småfisken et krepsdyr, insektlarver, blautdyr og annan småfisk, jamvel andre aurar (kannibalisme). Ofte går dei større individa etter kvart over til berre å ete fisk, og får med det ein snøggare vekstrate.

Auretypar[endre | endre wikiteksten]

Det finst ulike måtar å dela inn aure på. Nokre vanlege underartar er:

Hundeaure, ei eiga stamme av fjordaure, er rekna for å vera den største aurestamma i verda. I Noreg finn ein hundeaure på oppimot 20 kilo.

Langs vestkysten av Noreg vert namnet «krede» nytta om små fjellaure.

Hunderaure i Mjøsa[endre | endre wikiteksten]

Ei stamme storaure i innsjøen Mjøsa og elva Gudbrandsdalslågen vert kalla hunderaure[1]. Denne auren gyter i nedre del av Gudbrandsdalslågen, og gjekk tidlegare opp i elva så langt som til under Hunderfossen. No er det bygd fisketrapp forbi fossen, slik at auren kjem seg forbi. Yngelen veks opp i elva og vandrar ut i Mjøsa når han har nådd ein storleik på om lag 25 centimeters lengd. Der veks auren snøgt, og kan nå ei vekt på opptil 15 kg. Gjennomsnittsvekta på gyteaure er om lag 5 kg.

I samband med kraftverkutbygginga i Hunderfossen er det laga til eit oppdrettsanlegg for hunderaure for å kompensere for dei gyteplassane som gjekk tapt på grunn av kraftverket.

Fisket etter hunderaure er mykje verdfullt, og er kjent å ha gått føre seg i alle høve sidan mellomalderen.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Aure
Norske dialektnamn
Ørret
Namn på andre språk
Norrønt Aurriði
Svensk Öring
Dansk Ørred
Engelsk Trout
Tysk Forelle
Fransk Truite
Spansk Trucha, reo
Russisk Kumzja (Кумжа)

Namnet «aure» kjem av gamalnorsk aurriði, 'ein som rid på aur' (d.e. i gytetida).

Aure kan lokale nemningar. «Krede» vert mykje nytta på Vestlandet. Det vert gjerne brukt om små fjellaure, men kan òg brukast om laksefiskar generelt. Eit anna lokalt namn for aure er «dusse». Det vert brukt på indre Sunnmøre om større aure.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]