Rakke i Larvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Rakke er eit svabergområde i Brunlanes i Larvik kommune, tre kilometer sør for Stavern. Det er eit svært populært bade- og fiskeområde. Namnet Rakke kjem frå det norrøne ordet rakki, som er eit synonym for hund.

Luftvernregimentet la eit øvingsskytefelt på Østre Rakke i 1935. Tyskarane starta anlegginga av Rakke fort i 1941, med kommandosentral på Vestre Rakke. Rakke var øvingsstad for det tyske kystartilleriet frå 1943. Rakke var au øvingsstad for kystvernartilleriets skolesenter, seinare for Luftforsvarets skolar og andre, frå 1945 til det blei lagt ned som skytefelt i 2002. Det meste av befestingane frå andre verdskrig blei jamna med jorda sommaren 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]