Larvik kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Larvik kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold
Adm.senter Larvik
Areal 535 km²
 - land 506 km²
 - vatn 29 km²
Folketal 43 867 (1. januar 2016)
Folketettleik 87 / km²
Målform Bokmål
Ordførar Rune Høiseth (Ap)
Kommunenummer 0709
NO 0709 Larvik.svg
Wikimedia Commons: Larvik

Larvik kommune er ein kommune i Vestfold fylke. Han grensar i nord mot Lardal, i aust mot Sandefjord, og i vest til kommunane Porsgrunn og Siljan i Telemark fylke. Kommunen fekk sine nåverande grenser i 1988, da Tjølling, Hedrum, Brunlanes og Stavern blei slått saman med bykommunen Larvik. Larvik er den største kommunen i Vestfold etter areal.

Administrasjonssenteret i kommunen er byen Larvik. Byen er spesielt kjent for Bøkeskogen og som fødeby for eventyraren Thor Heyerdahl og komponisten Arne Nordheim. I Larvik sentrum ligg au Farris-fabrikken med Kong Haakons og Kong Olavs kjelder. Color Line har sitt utspring i Larvik gjennom det tidlegare Larvik–Frederikshavnferja, og i dag trafikerer «Peter Wessel» Larvik–Frederikshavn mens «Color Traveller» trafikkerer Larvik–Hirtshals.

Kommunane Larvik og Lardal har blitt samde om å slå seg saman til Larvik kommune. Dette blei avgjort i statsråd 5. februar 2016 med verknad frå 1. januar 2018.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Flyfotografi av Larvik sentrum.

I Larvik kommune ligg au tettstaden Nevlunghavn. «Hamna» har ein befolkning på ca 700 fastbuande, men i sommarmånadene gangast dette talet med 10. Hamna er ein gammal losstad, og i starten var det berre losar med familiane deira som budde her. Men ettersom folk begynte med fiske, veks hamna fram til den perla og tettstaden ho er i dag. Hamna er au nemnt på listene SN har over verneverdige stader, og omtrent 120 av husa er freda.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Bøkeskogen i Larvik

Larvik kommune ligg innan Oslofeltet, og berggrunnen består av magmatiske bergarter frå perm, vesentleg syenitt, men også nokre mindre område med lavabergarter helt i nordaust. Særleg kjent er den grovkorna syenitten larvikitt, som blir broten i store brot fleire stader i kommunen. Nokre av øyane i Langsundsfjorden lengst vest i kommunen består av sedimentære bergarter frå kambrosilur. Raet går gjennom kommunen frå nordaust til sørvest, ei israndavsetjing frå tilbaketrekkinga av isen etter siste istid. Den kommer inn i kommunen litt sør for Goksjø, går gjennom Larvik by og demmer bl.a. opp Farris, og går ut i Langesundsbukta ved Mølen. På ra-ryggen nord for Larvik sentrum ligger Bøkeskogen, den største bøkeforekomsten i Norge. Marine løsavsetninger dekker det meste av berggrunnen utenfor Raet; innenfor er det særlig langs Lågen en finner større løsavsetninger.

Ellers domineres landskapet av skogkledde, avrunda åsar med sparsamt morenedekke. Dei høgste åsane i kommunen er i nordvest (Vettakollen, 456 m o.h.). Klimaet er gunstig med eit stort tal årlege soldagar og lang vekstsesong. Årleg nedbør er 1050 mm, med hausten som mest nedbørrike årstid. Månadsmiddeltemperaturen varierer frå -3° i januar til 17° i juli. Om sommaren og hausten er sørvest den dominerande vindretninga; på kysten kan sørvesten ofte komme opp i kuling styrke i haustmånadene. Vinter og vår dominerer ein nordleg frålandsvind.

Heile Larvik ligg i den boreonemorale sona med edellauvskog i solvendt terreng med godt jordsmonn, mens barskog og bjørk pregar landskapet elles. Bøkeskogen er eit kjennemerke for Larvik og ligg over byen som eit grønt tak. Her finn ein restaurant, musikkpaviljong og ei rekke tur- og trimstiar. Eit anna populært turområde er Vestmarka, som ligg mellom Larvik by og Farris.

Stavern er eit populært turistmål om sommaren. «Brunlanes-rivieraen» har eit stort tal campingplassar og hytter. I gamle Hedrum renn den nedre delen av Numedalslågen. Lågen er ei lakseelva og i sesongen kjem det i tillegg til nordmenn spesielt mange danskar og tyskarar hit for å fiske laks.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Larvik er kjent for familieverksemda Treschow-Fritzøe, ein tidlegare industrigigant innanfor trelast og tresliperi, jernverk, mølle m.v. I dag utgjer store skogseigedomar og store areal rundt Farriselva firmaet. Fritzøe Brygge, eit kompleks med husvære, kontor og butikkar, stod ferdig i 2003.

Vitjande i Larvik kan sjå Herregården der grev Ulrik Fredrik Gyldenløve hadde residensen sin. I fjellveggen i Herregårdsbakken finn ein ei rekke inskripsjonar med helsingar frå tidlegare kongebesøk. Larvik kirke er au verd eit besøk, her finn ein blant anna eit unikt bilete måla av Lucas Cranach. Avisa i byen heter Østlands-Posten og kjem ut kvar dag i eit opplag på om lag 14 500 eksemplar.

Kjente personar frå Larvik kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]