Raksja bandhan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rakhi rundt eit handledd.

Raksja bandhan er ei hinduisk markering av det vernande bandet mellom bror og søster. Ho fell ved fullmåne i månaden sjravana i hinduåret.

Tre døme på rakhi-trådar.

Utøving[endre | endre wikiteksten]

Jente bind rakhitråd om handleddet til mor si. Ho har også ei skål med utstyr til å utføra eit hinduisk rituale.
Foto: Manoj Vishvakarma

Dagen blir markert ved at jenter bind ein rakhi, eit armband laga av ein pynta tråd, rundt handleddet til brør eller gutar dei reknar som brør. Bandet blir rekna som ei signing og eit vern, og i samband med knytinga kan jenta utføra eit rituale og seia eit mantra. Til gjengjeld lover broren å verna henne, og gjev gjerne også ein gåve. Rakhien kan vera ein enkel tråd med litt pynt, eller ein silketråd pynta med gull eller sølv. Gjengåva kan vera ein symbolsk pengesum, klede eller smykke.

Høgtida har også utvikla seg til å omfatta fleire tilhøve enn dei mellom bror og søster. Dei blir til dømes knytt rundt handledda til indiske soldatar og politikarar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire bakgrunnssoger for høgtida. Heilage trådar som armband går att i hinduisk mytologi og utøving. I historisk tid er Rani Karnavati, dronningmora i Mewar, kjend for å ha send ein rakhi til stormogulen Humajun då ho kjende seg truga av Bahadur Sjah av Gujarat. Humajun avbraut då eit felttog og kom for å hjelpa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]