Ramfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ramfjord camping ved Sørbotn
Sørbotn i Ramfjorden

Ramfjorden er ein fjordarm av Balsfjorden i Tromsø kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 13 km aust- og sørover til Sørbotn.

Fjorden har innløp mellom Ramfjordnes i nord og Ytre Andersdal i sør. Fjorden går først nordaustover og på nordsida her finn ein bygda Lauksletta. Om lag halvvegs inn i fjorden svingar han søraustover. Akkurat i svingen går vågen Nordbotn nordover og her ligg bygda Fagernes på austsida. Inst i fjorden ligg Ramfjord camping.