Hopp til innhald

Rammsund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rammsund er ei norsk metallgruppe som hovudsakleg spelar den tyske industrimetall-gruppa Rammstein sin musikk omsett til nynorsk.

Rammsund hadde sin første offisielle konsert den 15. november 2004, dagen før Rammstein sin eigen konsert i Oslo Spektrum.

Songtekstane

[endre | endre wikiteksten]
OriginaltittelNynorsk tittel
Mein Herz BrenntHjartet mitt brenn
Mein TeilLemmen min
Weisses FleischKvitt flesk
Feuer FreiOpne Eld
RammsteinRammsund
MutterMutter'n
Du hastDu har
AmerikaAmerika
BenzinBensin

Omsetjingsprosjektet var inspirert av musikkgruppa DDR, som framførte DDE-songar omsett til tysk. Medlemmene i Rammsund meinte at dei tyske Rammstein-tekstane blei best i nynorsk språkdrakt. Språkrådet har vore med på omsetjinga av dei tyske tekstane.

I songtekstane er ein tru mot opphavet, og omset tekstane med både tittel og tekst så direkte som mogleg. Nokre døme finst i tabellen til høgre.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • EP med songane «Lemmen min», «Mutter'n» og «Hjartet mitt brenn»

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Avisartiklar

[endre | endre wikiteksten]