Språkrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om det norske Språkrådet. For rådet med same namn i Sverige, sjå Språkrådet i Sverige.
Språkrådet
Sprakradet logo.png
Observatoriegata 1B.jpg
Selskapsformorganisasjonsledd Sjå dette på Wikidata
Org.nr.971 527 404
Skipa2005
HovudkontorOslo, Observatoriegata Sjå dette på Wikidata

Språkrådet er staten sitt fagorgan i spørsmål om norsk språk. Språkrådet har som hovudoppgåve å verna norsk språk, og styrkja statusen til norsk i notid og framtid. Det gjeld både norsk språk generelt og den nynorske målforma spesielt. I tillegg skal Språkrådet ta omsyn til språkstoda som heilskap i landet, dvs. interessene til nordmenn med anna morsmål enn norsk. Språkrådet skal vidare observera og vurdera språkutviklinga i landet, og på det grunnlaget skal ein òg driva språknormering.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Språkrådet skal verna norsk språk, og fører tilsyn med språklova for å hindra at språket vert «utvatna». Dei forvaltar rettskrivninga i nynorsk og bokmål, og godkjenner norske ordbøker og ordlistar til bruk i skulen. Vidare gjev dei og gjev råd om stadnamn og andre språklege emne, og arbeidar for at offentlege og private aktørar i Noreg brukar eit klart språk som er lettfatteleg for målgruppa.[1] Språkrådet fremjar norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka som kvensk og romani. Språkrådet samarbeidar òg med språkinstitusjonar i andre land, mellom anna for å sikra nabospråkforståing i Norden.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Stortinget slutta seg i 2003 til eit forslag om å omdanna Norsk språkråd til eit nasjonalt kompetansesenter for norsk språk. Språkrådet vart skipa 1. januar 2005, og avløyste då Norsk språkråd. Ved brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet 18. mai 2005 vart det fastsett at namnet skulle vera Språkrådet. Språkrådet sin første direktør var Sylfest Lomheim.[2]

Leiing[endre | endre wikiteksten]

Språkrådet har eit sekretariat som vert leidd av ein direktør i åremålsstilling. Sidan 1. juni 2020 har Erik Ulfsby vore styreleiar.[3] , etter han var Språkrådet har eit styre som er oppnemnt av Kulturdepartementet. Den 25. november 2010 vart dette styret utnemnt fram til 2014:[treng kjelde]

Medlemene i styret møtet i prinsippet som einskildpersonar, og ikkje som representantar for eit lag eller ein institusjon, slik tilfellet var med representasjonen i det gamle Norsk språkråd.

Fagråd[endre | endre wikiteksten]

Språkrådet har fire fagråd som skal gje fagleg støtte til sekretariatet og styret:

  • Fagråd for samfunn og høgare utdanning

(leidd av Ingebjørg Sæbu)

  • Fagråd for skule og offentleg forvalting

(leidd av Åse Lill Kimestad)

  • Fagråd for normering og språkobservasjon

(leidd av Helge Dyvik)

  • Fagråd for terminologi og fagspråk

(leidd av Johan Myking)[treng kjelde]

Av desse fagråda er Fagrådet for normering og språkobservasjon det som liknar mest på det som var Fagnemnda i Norsk språkråd, men til liks med dei andre fagråda har det berre ein rådgjevande funksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Klart språk», www.sprakradet.no (på norsk bokmål), henta 19. september 2022 
  2. Lomheim var direktør frå 2004 til 1. september 2010. Spørsmålet om ny direktørstilling var omstridd, ettersom styret sommaren 2010 gjekk inn for å tilsetje Kjell Lars Berge, medan kulturminister Anniken Huitfeldt ikkje ville ha Berge i stillinga. Avgjerda til kulturministeren gjorde at heile fire representantar i styret trekte seg i oktober 2010: fungerande leiar Magni Øvrebotten, Jan Olav Fretland, Tor Fuglevik og Silje Solheim Karlsen.
  3. «Styret», Språkrådet (på norsk bokmål), henta 19. september 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]