Rampinryttaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rampinryttaren i Akropolismuseet

Rampinryttaren er ein gresk ryttarstatue og eit av dei fremste døma på attisk kunst frå den arkaiske tida i Hellas. Han er datert til rundt 550 f.Kr. Statuen er utført i marmor og har spor av svart og raud måling.

Rampinhovudet i Louvre.

Statuen har fått namn av at det kjende Rampinhovudet i Louvre i Paris viste seg å tilhøyra statuen. Hovudet blei funne ved Akropolis i Aten i 1877 og kjøpt av kunstsamlaren Georges Rampin. Han stilte det ut ved Verdsutstillinga i Paris i 1878[1] og skjenka hovudet til Louvre i 1896.[2] Delar av kroppen til ryttaren og hesten blei funne ti år etter hovudet i ei grøft fylt med statuar som var blitt øydelagde under den persiske erobringa av Aten i 480 f.Kr. under Persarkrigane. Hovudet blei først samført med statuen i 1936 av arkeologen Humphry Payne.[2]

Rampinryttaren er utstilt ved Akropolismuseet i Aten. Hovudet er ei gipsavstøyping. Det opphavlege hovudet er utstilt i Louvre saman med ei avstøyping av resten av statuen.

Ryttaren har mange eigenskapar knytte til den typiske arkaiske kouros-figuren, ein ung naken mann, men har fleire asymmetriske eigenskapar som bryt med desse konvensjonane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Notice rédigée par Henri Lechat (1900) Persée.fr
  2. 2,0 2,1 «Head of a horseman, known as the "Rampin Horseman"» (på engelsk). louvre.fr. Henta 19. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]