Ramstein Air Base

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ramstein Air Base er ein amerikansk flybase lokalisert i Ramstein-Miesenbach, nære Kaiserslautern i Tyskland. Flybasen blei bygd av Frankrike i 1951, da området var fransk mandatområde i Tyskland rett etter krigen. Basen blei sidan tatt over av US Air Force som sidan har drive basen. Ramstein er ein NATO-base, og forutan amerikanske styrker finst det også canadisk, tysk, britisk, fransk, belgisk, polsk, tsjekkisk, norsk, dansk og nederlandsk personell der. Norsk NATO-personell får støtte frå NOSU (Norwegian Support Unit). Talet på offiserar er flytande, men ligg rundt 20. I tillegg er det to til tre norske vernepliktige soldatar ved NATO-hovudkvarteret CC AIR HQ.

Basen er den største i det amerikanarane kallar «Kaiserslautern Military Community (KMC)», der meir enn 16 400 amerikanske styrkar er plasserte, og 5 400 sivile amerikanarar jobbar. 6 200 tyske sivile jobbar også der. Basen brukast mest til transportfly.