NATO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

North Atlantic Treaty Organization (NATO) (fransk: l'Organisation du Traité de l'Atlantique Nord, OTAN) er ei vestleg forsvarsallianse grunnlagd i Washington 4. april 1949 av ei rekkje vestlege land som følgje av erfaringane dei hadde gjort under og etter den andre verdskrigen, for å sikre medlemslanda sin fridom og sikkerheit. Medan frykta for tysk revansjelyst rett etter krigen hadde spelt ei viss rolle, endra denne prioriteringa seg raskt etterkvart som den kalde krigen starta, særleg då Koreakrigen braut ut, og frykta for eit sovjetisk åtak på vestmaktene vart sentral. (Vest-)Tyskland vart medlem i 1955, mellom anna for å sikre NATO større industriell vekt i Europa. Kjernen av traktaten er artikkel V, som slår fast at eit åtak på eit NATO-land er eit åtak på heile alliansen.

Som eit svar på NATO, oppretta Sovjetunionen Warszawapakta. Åtaket kom aldri, og pakta sin artikkel V vart fyrst tatt i bruk som fylgje av aksjonane i USA 11. september 2001. Alliansen har likevel spelt ei uvurderleg rolle for Vest-Europa si sikkerheit under den kalde krigen, og for forsoninga mellom tidlegare motstandarar.

Etter at den kalde krigen tok slutt og Warszawapakta vart oppløyst har fleire tidlegare medlemer av denne blitt medlemer av NATO i to utvidingsrundar, i 1999, 2004 og 2009[1]. NATO omfattar no alle dei tidlegare Warszawapakt-landa utanom Sovjetunionen, dessutan Slovenia, Estland, Latvia, Litauen, Kroatia og Albania.

I 2005 vekka den tyske kanslaren merksemd med å ymte om at NATO burde reformerast. Særleg Tyskland og Frankrike ynskjer ei viktigare rolle for EU på kostnad av NATO.

Hovudkvarteret til NATO ligg i Brussel.

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

Map of NATO countries.png

Medlemsland som grunnla NATO i 1949[endre | endre wikiteksten]

Medlemsland som vart medlem av NATO under den kalde krigen[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare Austblokk-land som har vorte medlem av NATO etter den kalde krigen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «NATO har fått to nye medlemsland». Aftenposten. http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article3010501.ece. Henta 2009-04-01. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]